Fastlege til Hyllestad Kommune

Hyllestad Kommune
    Publicerad
    februari 1, 2021
    Placering
    Hyllestad, Sweden
    Kategori
    Typ av jobb
    Heltid  

    Beskrivning

    Hyllestad kommune har ledig stilling som fastlege frå medio mars, alternativ oppstart etter nærare avtale.

    Hyllestad kommune kan tilby fastlegestilling for spesialist i allmenmedisin eller deg som skal starte på/er i eti spesialiseringsløp. Vi er tilknytta prosjektet ALIS-vest.

    Arbeidsoppgåver
    Vanlege legeoppgåver knytt til praksisen og offentleg teneste.
    Listetak per no er 600 pasientar.
    Legevakt i interkommunalt legevaktsamarbeid.

    Hyllestad kommune er med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 andre kommunar. Legevakta er lokalisert i Førde, der ein har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er 18-delt og fastløna, og på eigen avtale med IKL: Vi tilbyr fri etter nattevakt i legevakta før lokal dagvakt.

    Kvalifikasjonar
    Vi ser etter nokon som ønskjer å bidra til ei stabil legeteneste i kommunen - og som er spesialist i allmennmedisin eller ønskjer å spesialisere seg til det.
    Søkjarar med utdanning frå andre land bør ha gjennomført turnustenesta og ha refusjonsrett hos Helfo.
    Norsk autorisasjon som lege.
    Personlege eigenskapar, erfaringar og kommunikasjonsferdigheiter vil bli vektlagt ved tilsetting.
    Tilfredsstillande helse- og politiattest må visast fram før tiltreding i stillinga.
    Førarkort klasse B.

    Vi tilbyr
    Gratis pasientlister - ingen oppstartskostnader.
    'Fastløn eller privat praksis etter eige ønskje.
    Arbeidstida og oppgåver er innretta slik at arbeidet kan utførast innforbi normal arbeidstid
    God pensjonsordning i KLP om ein vel fastløn.
    Gode arbeidsforhold i trivelege lokaler og flinke kollegaer.

    Vel møtt som søkjar!

    Navn: Elin Garnes Solås
    Tittel: Personalsjef
    Telefon: 57 78 95 04
    E-post: elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no
    Navn: Martin Lundgård
    Tittel: Kommunedirektør
    Telefon: 57789502
    E-post: martin.lundgard@hyllestad.kommune.no

    Vel møtt som søkjar i Hyllestad kommune!

    Merk deres søknad med Sjukvårdsrekrytering

    Ansök
    Drop files here browse files ...
    Captcha

    Liknande platsannonser

    Fastlege til Hyllestad Kommune
    Rulla till toppen
    Are you sure you want to delete this file?
    /