Lege – arbeidsretta rehabilitering til Rehabiliteringssenteret AiR

Rehabiliteringssenteret AiR as
Publicerad
december 16, 2020
Placering
RAULAND, Norway
Kategori
Läkare  
Typ av jobb
Heltid  

Beskrivning

Det er ulike spesialitetar som kan vera aktuelle for AiR, til dømes fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin, eller andre. Teneste ved AiR – Klinikk er også godkjent som institusjonsteneste for legar i spesialisering som allmennlegar.

Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse medverke til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.

  • AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
  • Klinikken har i tillegg eit kartlegging- og vurderingsteam beståande av lege, arbeidskonsulent, samtaleterapeut og fysioterapeut.

Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling saman med medarbeidarane dine, noko som har stor prioritet i klinikken.

Arbeid- og ansvarsområde:
Medverke til å styrke ressursar og moglegeheiter for personar med samansette plager og nedsett arbeidsevne gjennom:

  • Individuelle konsultasjonar og rettleiing
  • Medisinske vurderingar
  • Søknadsvurdering
  • Fortløpande journal- og epikrisearbeid
  • Undervising
  • Tverrfagleg sparring og samarbeid

Faglege kvalifikasjonar:

  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
  • Interesse for undervising og gruppeprosessar
  • Teamspelar som kan gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med fagområdet er ei føremon, men ikkje eit krav
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.

Me tilbyr:

  • Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
  • Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
  • Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

Søknadsfrist snarast,

me tek søkarar inn til intervju fortløpande og avsluttar prosessen når me har funne den rette.
For meir informasjon, kontakt:
Fungerande klinikkleiar Siri Mørch tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no eller
nestleiar klinikk, Jon Hovda på tlf. 35 06 28 00.

Stillingskategori

Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Rehabiliteringssenteret AiR as
Kontaktpersoner
Navn: Siri Mørch
Tittel: Fungerande klinikkleiar
Telefon: +47 474 63 408
E-post: siri.morch@air.no
Navn: Jon Hovda
Tittel: Nestleiar klinikk
Telefon: 35 06 28 00
Merk deres søknad med  Sjukvårdsrekrytering
Ansök
Drop files here browse files ...
Captcha

Liknande platsannonser

Lege – arbeidsretta rehabilitering til Rehabiliteringssenteret AiR
Rulla till toppen
Are you sure you want to delete this file?
/