Sjukepleiar i heimesjukepleien Svelgen/Davik området

Bremanger kommune
Publicerad
april 8, 2021
Placering
Svelgen, Norway
Kategori
Typ av jobb
Heltid  

Beskrivning

Det er ledig ei fast stilling som sjukepleiar inntil 100% i Bremanger kommune, for tida i heimesjukepleien i Svelgen/Davikområdet frå 01.05.2021.

Arbeidsoppgåver
  • sjukepleiefaglege oppgåver hjå pasientane
  • stor bredde i pasientgruppa, både når det gjeld alder og medisinske behov
  • heilskapleg omsorg for eldre mennesker
  • vareta pasientane sine individuelle behov
  • moglegheit å delta i ressursgruppe
  • dokumentering, rettleiing, undervisning m.m.
  • Kvardagsrehabilitering
  • kartlegging av tenestebehovetBremanger Kommune er med i Legevaktspilotprosjektet med SYS-IKL. Sjukepleiarane ved Svelgen Omsorgssenter er ein del av den, men det er opna opp for at sjukepleiarane i heimesjukepleien og kan bli med i piloten.
Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter personar med offentleg godkjenning som sjukepleiar.

  • ivareta pasientane sine individuelle behov
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gjerne ha erfaring innan akuttmedisin
  • likar å arbeide i team
  • vere innstilt på endringar
  • legge fram politiattest av nyare dato
  • må ha førarkort for personbil klasse B
  • må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.

For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Serviceinnstilling og personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

• Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
• utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
• God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
• Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Heimetenestene i indre del av Bremanger Kommune er samordna som ei teneste. Tenesta blir organisert frå Svelgen, med base både i Svelgen og Davik –samt gode velferdstekniske løysingar.

Vi arbeider i årsturnus og dei tilsette har ein stor moglegheit til å kunne påverke arbeids –og fritida si, ved å kome med ønsker i forkant av turnusskrivinga.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar!

Kontaktperson:
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
95989310

Søknadsfrist:Snarest.

Merk deres søknad med Helsejobbnorge.no

Ansök
Drop files here browse files ...
Captcha

Liknande platsannonser

Sjukepleiar i heimesjukepleien Svelgen/Davik området
Rulla till toppen

Genom att besöka vår webbplats godkänner du våra integritetsvillkor.

Vi använder cookies

För att kunna erbjuda dig som besökare bästa möjliga upplevelse. Läs mer om våra förhållningssätt kring cookies >

Din integritet

Vi följer alla riktlinjer enligt GDPR och tar din integritet på största allvar. Läs mer om hur vi säkerställer din integritet

Are you sure you want to delete this file?
/